Norwegian

Kva er vyane våre for Språkrådet?

For nokre veker sidan blei det bekrefta at NSB no skal bli til Vy. Endringa er grunna i konkurransedugleik: «Et nytt navn skal styrke konkurransekraften vår både i tog og buss.» Namnet er ifølge NSB si nettside basert på eit ord som «betyr utsikt og oversyn, og brukes om å ha ambisjoner».

Denne oversikta frå Google Trends viser at ordet vy ikkje var på nokon sin radar før 10. mars:

vy

Y-aksen viser kor mange prosent interesse det har vore for søketermen vy i perioden. Heile perioden frå 8. april 2018 til kring 10. mars 2019 har interessa vore på opptil 1 % av interessa 10. mars. Ein kan jo argumentera for at det er vanskeleg å måla interessa på denne måten, sidan folk sjølvsagt vil bruka eit ord meir når det er ein såpass stor debatt, men dette er altså ikkje eit ord som blir brukt. Eg har aldri i mitt liv høyrt vy som eit ord for seg sjølv. Viss ein ekskluderer 2019 frå Google-søket, kjem det ingenting opp frå faktiske tekstar, kun ordbokdefinisjonar og kryssordhjelp.

Som offentleg teneste har NSB eit ansvar for å ha eit informativt, nøytralt namn. Dette er grunnen til at Språkrådet, sjølvsagt, fråråda namneendringa. Til tross for dette gjekk namneendringa gjennom.

Denne saka kan sjåast som eit ekko av OsloMet-saka i 2017-2018, kor Språkrådet òg anbefalte eit anna namn då Høgskolen i Oslo og Akershus skulle bli universitet. No sit me igjen med OsloMet – Storbyuniversitetet, eng. OsloMet – Oslo Metropolitan University. Eit unorsk namn for ein offentleg, norsk institusjon.

Kva rolle skal Språkrådet ha? Kor mykje makt skal dei få? I Framtida fortel Gunnhild Skjold at Norsk Målungdom ønskar å gi meir makt til Språkrådet, og seier at dei «bør få det endelege ansvaret til å innstilla nye namneval». Det er rart å tenka på at dette ikkje seier seg sjølv når me er så heldige å ha eit rådgjevande organ i staten. Kva er vitsen med å ha Språkrådet i det heile tatt viss ein ikkje må lytta til råda deira?

Eg trur éin av grunnane til at folk vel andre namn enn det Språkrådet anbefaler, er fordi namn som Vy og OsloMet høyrest freshe ut. Som merkenamn høyrest det kanskje meir spennande ut med desse namna, men offentlege institusjonar er ikkje merke. Dei skal vera klare og tydelege, slik at alle medlem i landet vårt forstår det. Dette er noko me gjer for å inkludera alle.

Desse siste åra, kor me har sett fleire og fleire høve med overrumplingar av Språkrådet som autoritet, viser kor naudsynt det er å gi meir makt til Språkrådet. Me må visa at me ser på Språkrådet som ein kunnskapsrik, relevant ressurs.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s